Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Nistugumåsåhu - 1860 mKuvheim - 2028 mStordalsmåsåh - 2065 mBrennhaugmåså - 2440 mBankehytta / Sl - 2644 mVadbue - 2676 mTurrtjønnbue - 3477 m

Opplysninger om Dobvrehytta.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:983
Område:Østsida sør for Grimsdalsvegen.
Plassering:Skogsetre
Koordinater: 32V 0521683 6864433
Bruk: Turisthytte
Historikk:Dovrehytta 66/3 0521683-6864433 Paul S. og Anna Svee kjøpte Mellomrusten (Bråtålykkja) 66/3 i 1904, til garden var det sæter på Skogsætre. Sonen Sigurd Svee og kona Ragnhild (1901-1979) såg eit potensiale for turistdrift da det kom fleire gjestar frå Høvringen, slik starta dei utleige av rom og kafe på sætra. Sigurd gjorde fyrste byggetrinn i 1952, kafe i peisstugu, kjøkken og to soverom. Etterkvart vart det heile sju soverom, dusj og toalett. Fyrst kalla dei seg Svee kafe, men etter kvart vart det Dovrehytta. Ragnhild hadde stort pågangsmot, ho jobba heile tida og var ikkje redd for tunge tak. Til påske måka ho veg heilt opp til Dovrehytta med spade. Dottera Anne (1922-2001) og mannen Sigurd Nårstad tok over i 1967, dei dreiv kafe og utleige av rom med full pensjon. Dovrehytta var kjent for god mat, da spesielt småkakane som var sett fram. Anne laga og hermetiserte all middagsmat heime. Dei hadde opent frå fyrst i mars til etter påske, og juni til august. Anne var fast bestemt på å få privat telefon linje mellom heime og sætra, og med naboenes velvilje fekk ho det. Kari Storrustløkken var innleigd som hjelp på Dovrehytta, ho var ei dyktig voksen dame. Mannen hennar, Mathias Storrustløkken var god på fleire musikk instrument, han spelte for turistane ein gong iblant. Påskeaften var det musikk, sang og dans kvart år, for turistar og naboar. Sonen Sigmund dreiv Dovrehytta frå sist på 1970-talet til han døde i 2001. Sigmund var ein turistvært av det beste, og hadde mange gjester både på kafeen og på utleigeromma. Venninna Ellen hjelpte Sigmund på Dovrehytta. Nysteikte rømmevaflar og stor gjestfriheit var deira varemerke. Dei selde suvenirar av naturmateriale. Både garden og Dovrehytta vart seld, kvar for seg i 2002. Geologane Ellen Eckhoff Planke og Sverre Planke kjøpte Dovrehytta, dei vurderte den gamle hytta for å være for dårleg til å bli restaurert, så sommaren 2003 hadde brannvesenet øvelse for å brenne ho ned. Ny hytte skulle opp, med mål og ynskje om å kunne ha offentlege arrangement, kafe og ein privat del som familiehytte. Arkitekt Jann-Ove Larsen kombinerte tradisjon, funksjon og at hytta skulle være moderne. Dei brukte massivtre-element, store høge vindauga, kledning med spon av kjernefuru og pulttak, alt er materiale som treng lite vedlikehald. Ellen og Sverre greide å overbevise politikarane i Dovre! Den nye Dovrehytta vart bygd som ein L, sju meter oppunder taket på det høgste, med hems og 16 soveplassar. Dovrehytta opna februar 2004, og lovnaden om å servere kakao og vafler vart innfridd. I dag er Dovrehytta open nokre veker i vinterferie og påske.
Eiere:
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:mk

Registrert av:Merete Killi Moastuen