Historikk: |
Haverdalsseter 58/2
0534707-6878100
Det har vore seter til Sætrom frå før 1800, med tradisjonell seterdrift.
Seterstugu og fjøset var bygd nytt rundt 1890.
Bjørner og Marit Sætrom bygde turisthytta i 1952.
Dottera Bjørg dreiv turisthytta og sæterdrifta fram til 1965, ho hadde matlaging og servering i gammelstugu. Det ho laga av smør vart levert på Dovre Ysteri.
Har ein kladd på prisliste frå 1963:
«Logi kr 6,- Middag kr 8,50 Lunsj kr 7,- Frokost kr 6,50 og Smørbrød kr 0,80»
Hytta var stengt fram til 1971 da Knut Bjarne og Solveig Sætrom starta opp att med tradisjonell sæterdrift og turisme. Dei leigde òg Vadetsætra, både kyrne og sterstugu.
Dei og brukte gammelstugu til både kjøken og spisesal, og hadde plass for 20 gjestar.
Vatn måtte hentast i åa, varmast opp i den store ystpanna i gammelstugu og berast inn i turisthytta på kvart rom før morgonstellet. Ellers gjekk det mykje vatn til både fjøs , kledevask og husholdning.
Bilvegen kom fram til Hellberget i 1960, og bilveg ned i Haverdalen kom nok rundt 1975. Per Øien frå Kvam bygde den fyrste vegen rundt 1973. Fram til da var det kjerreveg.
Vinteren 1973 bestemte dei seg for å holde opent i påska, sett i ettertid kanskje noko overilt. Dei kjøpte ein gamal snøscoter av Stenersen, kjekt å ha når ein hadde dyr på bås heime og turistar på sætra. Påskeopent har det vore kvart år sidan , unnteke 2011 og 2019 på grunn av snømangel. Frå 2020 til 2022 har det vore Covid 19
stengt.
På 1970 og 80-talet hadde dei faste gjestar i påska som budde der i fleire dagar, gjestane vart køyrd inn med snøscooter av Ola Jon Angard og Leif Ulheim. Påskeeftaen hadde dei levande musikk i fleire år av Bjørner Ekre og Per Arne Glorvigen.
Knut og Solveig har sett opp og restarert fleire bygningar.
Peisstugu, kjøken, kjellar og Vesl spisesalen i 1973.
Ny utedo og «liu» i 1976, halve huset av utedoen skulle være tørkerom, men det fungerte ikkje, fortsatt heiter det «turkerommet» sjølv om det er eit rom med seks senger i dag.
Aggregathus bygd i 1981 og vedskåle i 1993.
Sjølve turisthytta har vore påbygd og forandra eit par gonger, fyrst på 1980-talet bygde dei «privaten» og to kvistrom.
Dagens spisesal var bygd rundt 1985, «Trønder Ivar» grov tomta for hand. «Trønder Ivar» var fast gjest i fleire veker kvar somar i 25 år, han var hjelpsom og ikkje redd for å ta i eit tak.
Bora etter vatn i 2008.
Nytt sanitæranlegg inne i hytta, med dusj og toalett kom i 2010.
Nytt meieri bygde Knut Ståle i 2016, og kjøpte nytt aggregat. Aggregatet var stort og tungt, Ove Thoresen hadde det på bil med kran og heisa det over aggregathuset og sette det perfekt på plass. Det gamle vart heisa i retur.
Kor mange rom og sengeplassa har døkk i dag????
Solveig og Knut har heile tida hatt fleire ansatte både i fjøset og på turisthytta. For å nevne nokre så var Guri Jøndal her i fleire år. Det var ofte jenter frå trøndelag her som «Trønder Ivar» fekk hit. Eli Margrethe Vordal og Heidi Beate Grandgård saman med folldalsjentane Inger Austli og Gunn Røsten og budeia Ragnhild Johannesen frå Lillehammer arbeidde her i 1975.
Det har aldri vore levert mjølk til meieriet, men på 1970-talet leverte dei smør på Dovre Ysteri, ellers laga dei ulike produktar for salg og til servering. «Skjørost og rumgraut» er spesialitetar den dag i dag. Ellers lagar dei «pultost, kjuke,rømme og smør» for salg, og enkelte gonger til severing.
Solveig er spesialist på skjørost, lagring og modningsprosessen er vanskelegaste.
Dang lagar thaimat både som lunsj og bufe. Litt meir info om dette??????????
BLÅ RUTE
Reinfrid
Reinfrid var ein nyfødt simlekalv dei fann morlaus inne ved Sissknarten i 1989. Reinfrid voks opp på fløytemjølk, rå egg, rosiner og tran, mose og gras. Dette var gode råd frå Erling Siljehaug på Fjellheim. Det viste seg at Reinfrid var døv, men ho lærte fort å kommunisere.
Ho hadde si eiga seng inne i gammelstugu, ho varsla når ho måtte ut. Ho gjekk laus i garden og var saman med hundane. Om vinteren sto ho heime i fjøset.
Reinfrid var ein stor turistattraksjon i 18 år.
Aggregat problemar
Somaren 1972 eller 73 , var det ein kveld Solveig ikkje fekk start på aggregatet for mjølking. Ho måtte ha hjelp av Knut som var heime. Da var det berre å ta føtene fatt. Sonen Knut Ståle var to-tre år og måtte vera att hjå jentene på sætra mens Solveig gjekk. Ho gjekk kjerrevegen om Storvatnet og Vegaskjelet, frå der fekk ho skyss med Tore Talleraas.
Timane gjekk men i tre tida om natta kom Solveig og Knut innover att med traktor. Aggregatet vart starta og det måtte mjølkast.
Mobiltelefon og bilveg gjer sæterdrifta mykje enklare i dag. |