Historikk: | Brusletten camping (75/42)
0518711-6865084
Johan og Oline Storrustløkken starta med teltplass i 1964-65. Dei hadde da fire utedoer som sanitæranlegg, Oline var svært nøye med reinhaldet.
Oline leigde og ut private rom i huset dei budde i.
I 1967-68 fekk dei sett opp kiosk, ein Diplom-is kiosk der dei selde is, brus og «pysje».
I 1971 bygde Johan og Leif Arne sju hytter, og fram til 1973 hadde dei tolv hytter uten vatn, men med kjøkkenkrok.
Leif Arne og Vigdis Storrustløkken dreiv campingplassen nokre år før dei overtok rundt 1976.
Sanitæranlegg vart bygd i 1972, der «Saga» hadde stått. Bolighus vart bygd der i 1976, da med nytt sanitæranlegg og opphaldsrom. Kiosken vart og flytta med inn i det nye.
Den gamle kiosken vart fløtt til Haugasand, sør for klubbhuset, før den kom til Oppstadbana som kiosk og hytte.
Leif Arne og Vigdis stengte plassen i 1996-97 og selde hyttene til private.
Krava vart større og større i forhold til standard på hyttene og måtte veies opp mot kostnad og inntekt.
|