Buer og burester i fjellet

Registreringsprosjekt ved Dovre historielag

 
Om prosjektet Registrer bu    Registrer degLogg inn
Muslibua - 4265 mMoldalsbua - 4310 mSkeievoll - 4978 m

Opplysninger om Tofte ogToftemo.

Legg inn bilde Legg inn kommentar

Last opp bilde

Du kan her laste opp bilder knyttet til den aktuelle bua/buresten.
Bildene må være i jpeg-format, og maks størrelse er 1 MB.

Velg fil:
Fotograf:
Tidfesting:
Informasjon:
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Legge til kommentar

Du kan her legge inn utfyllende opplysninger / kommentarer knyttet til bua.

Kommentar:  *
 *
 *
Telefonnr må ha 8 siffer.
 

Status for registrering

Vurdering av opplysninger, bilder m.m.

Status bilde:
Status tekst:
Relevans:
 
 

Arbeidskommentar - internt bruk

Opplysninger / påminnelser / vurderinger m.m. underveis i arbeidet.

 
ID:996
Område:Østsida nord for Grimsdalsvegen.
Plassering:Toftemo
Koordinater: 32V 0511331 6874164
Bruk: Campingplass med hytter, glamping, kiosk restaurant, hotell, motell
Historikk:Tofte (38/1) og Toftemo Turiststasjon (38/34) Stasjonen Toftemoen 0511331-6874164 Paul Paulsson gift med Mari Tordsdotter Tofte bygde opp Toftemo rundt 1820, da vegen vart lagt ned i dalbotnen. Toftemo vart skysstasjon og gjestgiveri under Tofte. Da Paul bygde skysstasjonen var det viktig at huset var langt og i to etasjer, at det var like langt mellom vindauga, at det fekk ei fin fasade, at det låg litt oppfrå og at veggane på romma var måla blå. Iver Tofte, sonen til Paul skreiv under på kontrakt om fast skysstasjon på Toftemo rundt 1860, da hadde det kanskje vore innleigde stasjonshaldarar her frå 1854, da den fyrste skysstasjons avtala vart skrivi. Iver var stasjonshaldar fram til 1875. Toftemo skysstasjon fekk mange gode tilbake meldingar som mjuke senger, reint, romslege rom og malte veggar. Heile stedet viste velstand og kvalitet. Frå Toftemo reiste dei nordover til Domaas eller sydover til Brennhaugen. Thor Paulsson Tofte overtok kontrakta om skysstasjon i 1875. Karoline Jordhøy tok da over som husholder, 1875-1890. Ho leigde med seg tjenestefolk. Han fortsatte med velstand og kvalitet, her var nok dekketøy i sølv så sjølv kongen på sine reiser ikkje måtte bruke sitt eiga. Thor holdt fem hestar fast og hadde fire hestar i reserve. I tillegg hadde han 400 storfe, 200 sauer og 40 geiter på bås om vintrane. Marit Thorsteinsdotter Romundgard står som husholderske og hovudperson for Toftemoen Skydsstation i ti år fram til 1900. Marie Isum overtok kontrakta på skysstasjonen i 1900, ho var stasjonshaldar da kongefamilien overnatta på Toftemo under reisa til Trondheim før kroninga i 1906. Men det var enke Sigrid Tofte med to små barn, som leigde burt garden Tofte, og dreiv Toftemo med god hjelp til 1914, da fløtte ho opp til Tofte att. Det vart Sigrid som stelte i stand til kongereisa, ho hadde god hjelp av Edvard Landheim. Mathilde Bystad var stasjonshaldar frå 1907. Toftemo Skysstasjon vart nedlagt rundt 1914 da Otta-Domaasbanen vart opna. Etter nedlegging av skysstasjonen kom det nye brukare som vidareførte utleige av rom og servering, Toftemo Hotell. Thorvald og Olea Schanke leigde av Emilie Isum frå 1922-1927 for ein årleg sum på kr 2800,-. Så dreiv Olav og Emilie Holum ei periode, før Alfred Høyås. Alma og John Johansen dreiv fram mot krigen, tyskerane okkuperte Toftemo frå 1940-45. Sigrid og Osvald Larsen drifta i 1947-1948, dei reiste til USA i 1948. Esther og Pål H. Talleraas dreiv Toftemo i 1949, Anne Ekre Øyen var drivar i kort tid, før Sigrid Larsen og Tor Landheim dreiv fram til 1952. Systrene Lien, Ingeborg, Signe og Ingrid var på Toftemo frå 1952 til 1972. Dei drifta Toftemo Turiststasjon godt, hadde store selskap, møter, overnatting, teltplass og servering. Samtidig opna Ingrid blomsterbutikk på eit rom i andre etasje. Jorunn og Tor Landheim tok over i 1972. På tre-fire år kjøpte dei 21 Thøringhytter, 11 to-roms og 10 eit-roms, innreia med kjøleskap, kokeplate og grytbenk samt to køyesenger. På denne tida ville dei fleste turistar laga sin eigen mat, det var nok for kostbart og «eta ute». På grunn av flom er ti hytter restaurert i dag. Dei hadde og utleigerom i hovudhuset Sanitæranlegg sette dei opp synst på campingplassen, i tillegg var det sanitæranlegg i kjellaren i hovudhuset. Kiosk var det nok systrene Lien som opna inne i synste delen på hovudhuset. Kiosken var nesten som ein butikk på 1970-talet. Turistane handla alt dei trong frå her. Det var varar av alle slag, Døla-Kjøtt leverte store mengder og likeså gjekk det mykje grønnsaker. Godteri, tobakk og vekeblader hadde dei, og ellers det ein turist trong. Det hendte at kunden var frå bygda og. Kiosken vart fløtt til trappeoppgangen for ei periode. På 1980-talet bygde dei kafeteria, og kiosken/resepsjonen ligg vegg i vegg også i dag. Vareutvalget forandra seg, mindre mat men meir kioskvarer som is, brus, toalettartikklar, vekeblader og tobakk. Prospektkort og souvernirar høyrde med. Toftemo turiststasjon har heile tida hatt mange campingvognturistar. Det er fleire faste gjester som kjem att kvart år, som ein dansk familie som har vore her i 54 år. Fyrst leigde dei ei hytte, familien voks og nå leiger dei fire hytter. Jorunn Landheim vil takke Solfrid Åteigen for god arbeidshjelp i 35 år. Jens Schanke har og lagt ned mykje arbeid på Toftemo, både vedlikehold, maling og møbelsnekker arbeid. Det rettes og ein stor takk til nær familie som heile vegen har hjulpet til. Det nørdste hotellet vart sett opp i 1994 (1996????) i kjellaren er det ein sal. Toftemo clamping og badstugu Oda Marie Landheim Leigde av foreldra frå 1999- 2003, da overtok ho og mannen Håkon Engen. Charles Elton skriv «The Road and the Fell» på sin Norgesreise i 1862-63: «Eg var innom på Toftemoen for å helse på stasjonsheldaren og den rike bonden som påstår å nedstamme frå Harald Hårfagre. Ei rein stamtavle kan ha sin pris, - «For en Tofte vil aldri finne på å gifte seg utenfor sin egen familie. Av denne grunn er de i ferd med å forspille sin gode konstitusjon og blir stadig kortere. Den nuværende bondes eldste sønn er nærmest å sammenligne med en dverg.» (Boka, Turist i Gudbrandsdalen på 1800-talet, Arne Flatmoen, foto bibl)
Eiere:
Tilstand:
Bygningsmåte:
Størrelse:
Kilde:mk

Registrert av:Merete Killi Moastuen

Postkort frå 1961 ? Foto: ?