Historikk: |
Skysstationen Haugen 64/1 / Brennhaugen 63/3 /
Rusthaugen 63/5 / Dovreskogen samvirkelag
Skysstation Haugen også nevnt som Errehaugen, Postbonde-Haugen og Gjestgjevarhaugen og er med i reiseskildringa til Thomas Malthus i 1799.
Haugen låg på austsida av elva og det var ingen bru der, så i 1857 vart skysstationen Brændhaugen opna på Brennhaug gard (Rusthaugen 63/5??), der veigen gjekk gjennom.
Tore Jonsen Rødølen (1825-1917) bygde opp Brendbaugen hotell og skysstasjon som han dreiv frå Rusthaugen med leigde folk som òg budde der. Han overtok det faste «skydsstationshold paa den nævnte station», og han overtok «postbefordringen fra stationen Brændhaugen i routen mellom Christiania og Trondhjem»
Tore fornya kontrakta på skysstasjonen i 1875, da hadde han seks faste hestar og fire reservehestar.
Tjuge år seinare hadde han sju hestar og 14 sengeplassar til reisande.
Jørgen T. Rødølen (1886-1950) tok over og skreiv kontrakt i 1909, men på grunn av mindre trafikk vart skysstasjonen nedlagt i september 1911. Bilar og jernbana frakta folk over lengre avstandar på kortare tid.
Isabell Frances Bull reiste i 1860, ho skulle ete frukost på Brennhaugen og skriv slik:
«Fikk heller tvilsam aure og poteter, med brukbar kaffe og brukbar mjølk. I dette vesle huset såg vi nokre pent utskorne boksar og smørespann som sto på tre føter eller kanskje klør. Eg skal ikkje la vere å seia at her, og mange stader, såg vi nokre riktig vakre og gamaldagse sølvskeier og koppar. Dei var tydelegvis arvestykke og sette mykje pris på, men likevel var dei ikkje nedlåste.»
Reiseskildring frå Laurgaard til – Hougen – Tofte – Lie – Fokstuen og Jerkin
Kjelde:
« Praktisk
LOMME-REISEROUTE
fra Christiania til Trondhjem
såvel igjennom Gudbrandsdalen som Østerdalen 1840»
Hougen
«Fra Laurgaard til Hougen maa maa man passere et meget slemt Veistykke, som kaldes Rusten,hvor man idetmindste nordover maa benytte Reservehest. Paa kortere Tid end 1,5 à 2 Timer kan man ei fare dette Veistykke. Nedover derimod behøves ei over 1 Time.
Tofte
God Vei og et godt Skifte, der eies af den rige Kvæghøvding Paul Tofte. Det egentlige Stifte ligger 1/4 Miil fra Veien; men Eieren har nu bygget et huus ved Veien, hvor Hestenes Omskiftning foregaaer. Man behøver 1,5 à 2 Timer paa denne Vei.
Lie
Veien hid er god med Undtagelse af en Sandmæl ved Lougen, hvor Veien ofte er Udrent, saa at den Reisende kan sinkes noget. Naar dette imidlertid ei er Tilfælde, behøves ei mere end 1 Time mellom Tofte og Lie. Godt Natteqvarteer.
Fokstuen
Det første Fieldskifte, men tillige det sletteste af disse. Veien nordover gaaer opad, saaat man behøver 2 Timer, medens 1 à 1.5 nedover er tilstrækkelig.
Jerkin
Hele Veien er jevn og flad og kan tilbagelægges i 2,5 à 3 Timer. Som oftest blæser der en bidende Vind mellem Fokstuen og Jerkin. Det sidste er det bedste Stifte paa hele Veien mellem Christiania og Trondhjem og de fleste Reisende tage Natteqvarteer her.
Husa og jordvegen på Rusthaugen vart seld til Johannes O. Brækken i 1912. I 1913 vart Brendhaug hotell seld som jernbanebolig og flytta nokre meter lenger nord. Dovreskogen Samvirkelag leigde «nedre stugu» hjå Johannes Brækken på Nordre Brennhaugen frå oppstarten i 1919 til dei flytta til Kroken i 1923.
Sonen Ola Brækken dreiv garden, køyrde lastebil og hadde sagbruk fram til 1983.
Da Harald Iversen dreiv samvirkelaget hadde dei ei OK dieselpumpe på utsida av vegen, og ei Shell bensinpumpe sør for butikken. (Gåmålt frå Dovre nov 2006)
Seinare hadde dei ein stor dieseltank for traktor, da måtte ein inn i butikken og hente nøkkel.
Fina pumpe (nett)
Fina pumpe (nett)
|