Kart, tursti Maningsetra og Eliassetra
Klikk for større kart.

Start ved bommen i skogsbilvegen ved Vorkinnslie, og følg denne til høgste punktet ved Søre Grotåe.  Eller start fra Sagtomta ved Baksidevegen og følg Grotåe opp til skogsbilvegen. Frå her er det ganske tung stigning opp lia til innsida av Smørbollen.  Denne stigen er kan hende eit gamalt råk/veg som dei brukte når dei gjekk over til Vågå. Nokre plassar kan ein sjå at det er oppmura og utgrave. Trygve Lannem har fortalt at dei gjekk der.

 

Frå innsida av Smørbollen må ein litt nedover på sørsida.Du kjøm da ned på ei lita grasslette med ein fin mur på,som kan hende  er rester etter Eliassætre.

Attendeturen kan enten gå fra innsida på Smørbollen på skrå opp og nordover og over Killistudulen og fram til Manningsætra, eller mere rett opp på eit råk som går sørover til Sjøberget. Da blir det litt meire variasjon på turen.

 

Elias Lannem Budsjordlien (1709-1782) gift med Jerken Tostensdatter Killli. Dei fekk fire barn, der dei to fyrste var født utanfor ekteskap."Jerken,som ei ennu har gået til Guds Bord". Til sist står " Foreldrene siger at vilde ækte hinanden".

Elias bygde sæter oppunder Smørbollen, sannsynligvis der gråsteinsmuren på ellve ganger fire meter er. Dette er noko usikkert, da det er antydning til nogre mindre tufter på innsida av Smørbollen??

Det kan være Peder Workindslien (1781-1849) som bygde på nedsida, men da ulovlig, ca.1810??

Sjå : Tofteboka s.104

         Åsmund Høie`s notater

         Gardsbok for Dovre.          Lengde 1 mil