Utskrift
Kart, Kristofferholo
Klikk for større kart

Start ved Toftemobrua på vestsida av Lågen.Ta første veg til venstre,så første til høgre.Følg veg opp til eit jorde.Gå opp på nordsida av dette langs ein skogsveg.Følg denne til ei grind der du går opp til venstre.Følg merking opp gjennom skogen til Kristofferholo.

 

Kristoffer Flagestad frå Lesja var prestesønn.Han drap naboen sin med øks i 1656,og vart dermed fredlaus.Han budde nok i "Holo" meir og mindre i 7 år,til han vart fanga.Han vart dømd til å "Misse Hugu For Sver,Kroppen Leggjast paa Hjul og Hugu Setjast på Staakaa".

Syster has Kristoffer var gift på Tofte,Og mest truleg hjalp ho han med mat ol.

Han var den siste fredlause i Dovre/Lesja og den siste som vart avretta.Det skjedde på Ulvehushaugen på Dovre i 1663.

Sjå: Lesja Bygdabok 3 s. 206

       Ivar Kleiven, Lesja og Dovre s.153-162

       Dovrebygde 1993.

"Holo" har vore til nytte i seinare tid også. Ragnar Ulen fortel at under bombinga våren 1940.var det mange frå nærområde som søkte dekning her.

Lengde 1,2 km

Last ned gps-spor (gpx-fil)