Kart, Heimliråket og Langstulråket
Klikk for større kart

Tur-runde i Jøndalen
JØNDALSGARDANE - HEIMLIA – LANGSTULEN

Når du skal gå denne turen, startar du ved gardsbruket Systugu Øvre i Jøndalen. Godt merka med skilt og blå farge ved grinda/bommen. Du fylgjer sætervegen langs Musa, Lauvflaten, rundar Storsvingen og vidare opp på Bakken. Om lag halv-vegs åt

Jøndalssætra, i Vegaskjelet svingar det av eit råk til venstre, Heimliråket. Dette tek innover lia og går heilt fram til Neverbua. På turen kjem det innpå eit råk frå høgre, Timbervegen. Denne går framover til Jøndalssætra. Innover Heimliråket kan ein virkeleg nyte fred og stillheit utan forurensande lydar. Berre fin fuglesang, når du treffer på rette tida. Heimliråket er eit godt råk, bygd for hand med graving og ein god del murarbeid på ytre sida av råket. Du går også forbi fleire marsteinar som viser grensa mellom dei forskjellige skogteigane.

 

Neverbua. Her har det vore produksjon av bjørkenever som var handelsvare. Svein Jøndal  (1839 – 1924) dreiv med dette kring 1860 åra.  Nevra vart turka og lagra i denne bua. Seinare vart nevra frakta ned Langstulråket og køyrd med hest på vinterføre til Åndalsnes. Der selde han nevra og kjøpte med seg fisk og salt attende.  
Langstulråket som startar ved Neverbua og går ned på Langstulen, er og opparbeidd med mykje graving og muring. Desse murane er solide kulturminner. Du fylgjer dette råket ned til du treffer på ei bru over Øyadalsbekken. Med det same du er komen ned åt bekken, finn du ei god jordvasskjelde om du går litt innover til høgre. Så er du på vegen som går framover dalen. Du går forbi mange jordstykker. Ved Øyin treffer du på ein stor stein midt i vegen. Denne kom frå uppi Brånåhøa for ein del år sidan (juli 2006). Han hadde fylgje av ein til som spratt over bekken og sokk rett ned på jordstykket på andre sida. På eit av jordstykka som blir kalla ”Dalgarden” har det budd folk ein gong, kanskje av dei fyrste som slo seg ned i Jøndalen. Det var ein smed som budde der. Litt innover og på andre sida av bekken er det myrmalm (jern) og det er fortalt og skrivi om at det så langt attende som på 1600- talet har vore utvunne jernmalm i Jøndalen.

Lengde 6,2 km