Kart, Haugjesetra-Bergsgrenda
Klikk for større kart

Start fra vasshuset ved Grimsdalsvegen og følg vegen til venstre inn i hyttefeltet og fram til Bålplassen Gapahuk. Her kan ein kose seg med grilling osv. Fin tur også med barnevogn, og ellers for folk i alle aldre.Gå fra der nedover og sving nordover etter skiløypetraseen og følg den.Da kan ein ta ein liten tur nedom "Bjønnsvaet". Sagnet seier bjørnen sprang etter ein mann her. Ein ser tydelege spor etter dette!!! 

     

Vidare nordover til Storbekken på nordsida av Storhovda. Frå der snur råket innover mot Bakkesætra. Vidare fortsett det bortafor sæterstugu fram til det møter råket opp til Prestgardssætra. Frå der skrår det seg forsiktig ned til Einbugga. Her kan det til tider væra litt vanskeleg å koma over "Må væra forberedt på å vådå".

Greit råk oppatt til kvea på Haugjesætra. Gå over kvea og du kjøm da på Haugjesætervegen/Gautstigen.     Ståle Lien eig den indste sætra og Toftemo den fremste.

Nå kan du velja om du vil gå attende, eller gå sætervegen ned til Sør Haugje og vidare til Budsjord og Øverbygdsvegen.

Frå sætra kan ein og gå ned om Rustmorka og fram til Åteigen.

 Lengde ca. 4,7 km

Last ned gps-spor (gpx-fil)