Dagstur 16. sept. 2018 kl. 10:30 til "Storhuset" i Haverdalen / Djupdalen.

storhuset red 

Vi møtes ved bommen ved Eftansåe kl 10.30, og køyrer i lag frå der.

Så går vi inn til «Storhuset», ein fin tur på ein liten kilometer i flatt terreng. Turen passer for alle! Her et oss nista vår, og har det sosialt. «Storhuset» er murer etter eit stort hus, som oss fant i fjor og har rydda det fram.

Etter turen køyrer vi til Haverdalssæter der vi kjøper oss kaffe og vaffel. (vi vil gjerne ha ei omtrentlig påmelding etter ønske fra Haverdalssæter innen fredag 14. 9, til Roy 94853818 eller Melvin 48246132).

storhuset red2

0441 00001Dovre Historielag har årsmøte på Toftemo onsdag 29. mars kl 19.00.

Vanlege årsmøtesaker.

Saker som er ønskt tatt opp, må vera styret v/ Merete Killi Moastuen i hende før 25. mars.

Etter årsmøtet er det servering og utlodning.

Terje Kleiven kåserer.

Informasjon om aktivitet og planer i laget.

Vel møtt!!

Det var utrolig stor interesse for lanseringa av sæterboka på Toftemo. Ca. 180 var møtt fram til lanseringa og svært mange av disse så ut til å sikre seg med årets julegaver.

I tillegg vart årets Dovrebygd presentert, det var underholdning ved "På 2. rad", servering og loddsalg.

Så langt ser det ut til at Sæterboka har blitt svært godt mottatt.

Lansering på Toftemo Turiststasjon onsdag 16. nov. kl. 19.00

Sætre i Dovre Program:
  • Presentasjon av sæterboka
  • Underholdning ved toradergruppa "På 2. rad"
  • Kaffe og biteti
  • Loddsalg

Det blir anledning til å kjøpe boka.
Pris: kr. 500,-

Torsdag 3. desember hadde Historielaget Bilde-kveld på Toftemo.

Ola Tovmo tok oss med ei spennande reise frå Rosten til Drivdalen. Dei fleste av  bileta var frå først på 1900-talet, mange av dei viste overnattingsstader og butikkar. For oss som var der, var det mykje nostalgisk historie. Også utviklinga av stader fekk Ola med, for eksempel S-laget på Dombås. Det er stort spenn frå den første butikken til dagens "koloss".

Jau, dette var spennande, Ola. Takk skal du ha!

 

Redaktøren for "Dovrebygde", Asbjørn Amble prata om årets bok. Den kan du lesa meir om andre stader på heimesida vår.

Asbjørn ønsker fleire til å skrive i årsskrivet vårt. Han sakna tre emne som ikkje har vore særleg omtala i tidlegare bøker: Kvinnearbeid, Jakthistorier og Hesten. Hesten har ein stolt historie i bygda. Vi har arbeidshesten på jordet, i skogen og på fjellet, vi har avlshesten og stutteri og vi har tråvaren. For å nemne noko av det vi gjerne tek imot artiklar og stoff om.

Ta kontakt med Asbjørn, han blir glad for det meste!