Da er heimesida til Dovre historielag opna.!

Denne nyopna sida er ikkje komplett -på langt nær. Men vi er i gang.

Alle som sit i styret har tilgang til å legge ut stoff her, men framleis er det nok berre administratoren Ola Tovmo som kan dette. Vi andre må øve meir, så døkk må vera tolmodige og sjå mellom fingrane på at ikkje alt er fullkome.

Vi håpar at døkk får betre kontakt med historielaget og får oversikt over det vi i styret arbeider med. Og ikkje minst: Får veta når noko skal skje!

Dersom noko er uklart, feil eller på annan måte ikkje fell i smak, ønsker vi sjølvsagt attendemelding. Det må gjerast til ein av oss i styret direkte.

Da seier vi tvi-tvi til både døkk og oss.