Torsdag 3. desember hadde Historielaget Bilde-kveld på Toftemo.

Ola Tovmo tok oss med ei spennande reise frå Rosten til Drivdalen. Dei fleste av  bileta var frå først på 1900-talet, mange av dei viste overnattingsstader og butikkar. For oss som var der, var det mykje nostalgisk historie. Også utviklinga av stader fekk Ola med, for eksempel S-laget på Dombås. Det er stort spenn frå den første butikken til dagens "koloss".

Jau, dette var spennande, Ola. Takk skal du ha!

 

Redaktøren for "Dovrebygde", Asbjørn Amble prata om årets bok. Den kan du lesa meir om andre stader på heimesida vår.

Asbjørn ønsker fleire til å skrive i årsskrivet vårt. Han sakna tre emne som ikkje har vore særleg omtala i tidlegare bøker: Kvinnearbeid, Jakthistorier og Hesten. Hesten har ein stolt historie i bygda. Vi har arbeidshesten på jordet, i skogen og på fjellet, vi har avlshesten og stutteri og vi har tråvaren. For å nemne noko av det vi gjerne tek imot artiklar og stoff om.

Ta kontakt med Asbjørn, han blir glad for det meste!