Årsmøte vart halde på Toftemo 20. feb. 2019.

Etter vanlege årsmøtesaker med årsmelding, regnskap og val var det informasjon om tre ulike prosjekt.

Alf Eriksen orienterte om eit prosjekt der ein ønsker å registrere personar som har omkome i fjellet, og ev kunne markere stadane med enkle minnesmerke og litt informasjon.

Ola Tovmo ga ein statusrapport frå arbeidet med boka om buer og burestar i fjellet, og innsamlingsarbeidet som har vore gjort.

Berit Fiksdahl presenterte arbeidet med kulturminneplan for Dovrefjell, og er interessert i å få inspel til det undervegs.

Årsmøtet vart avslutte med servering og ein prat rundt gamle bilete i album frå Opplandsarkivet på Dombås.

(Møtereferat og årsmelding).