Det var utrolig stor interesse for lanseringa av sæterboka på Toftemo. Ca. 180 var møtt fram til lanseringa og svært mange av disse så ut til å sikre seg med årets julegaver.

I tillegg vart årets Dovrebygd presentert, det var underholdning ved "På 2. rad", servering og loddsalg.

Så langt ser det ut til at Sæterboka har blitt svært godt mottatt.

Lansering på Toftemo Turiststasjon onsdag 16. nov. kl. 19.00

Sætre i Dovre Program:
  • Presentasjon av sæterboka
  • Underholdning ved toradergruppa "På 2. rad"
  • Kaffe og biteti
  • Loddsalg

Det blir anledning til å kjøpe boka.
Pris: kr. 500,-

Torsdag 3. desember hadde Historielaget Bilde-kveld på Toftemo.

Ola Tovmo tok oss med ei spennande reise frå Rosten til Drivdalen. Dei fleste av  bileta var frå først på 1900-talet, mange av dei viste overnattingsstader og butikkar. For oss som var der, var det mykje nostalgisk historie. Også utviklinga av stader fekk Ola med, for eksempel S-laget på Dombås. Det er stort spenn frå den første butikken til dagens "koloss".

Jau, dette var spennande, Ola. Takk skal du ha!

 

Redaktøren for "Dovrebygde", Asbjørn Amble prata om årets bok. Den kan du lesa meir om andre stader på heimesida vår.

Asbjørn ønsker fleire til å skrive i årsskrivet vårt. Han sakna tre emne som ikkje har vore særleg omtala i tidlegare bøker: Kvinnearbeid, Jakthistorier og Hesten. Hesten har ein stolt historie i bygda. Vi har arbeidshesten på jordet, i skogen og på fjellet, vi har avlshesten og stutteri og vi har tråvaren. For å nemne noko av det vi gjerne tek imot artiklar og stoff om.

Ta kontakt med Asbjørn, han blir glad for det meste!

 

Da er heimesida til Dovre historielag opna.!

Denne nyopna sida er ikkje komplett -på langt nær. Men vi er i gang.

Alle som sit i styret har tilgang til å legge ut stoff her, men framleis er det nok berre administratoren Ola Tovmo som kan dette. Vi andre må øve meir, så døkk må vera tolmodige og sjå mellom fingrane på at ikkje alt er fullkome.

Vi håpar at døkk får betre kontakt med historielaget og får oversikt over det vi i styret arbeider med. Og ikkje minst: Får veta når noko skal skje!

Dersom noko er uklart, feil eller på annan måte ikkje fell i smak, ønsker vi sjølvsagt attendemelding. Det må gjerast til ein av oss i styret direkte.

Da seier vi tvi-tvi til både døkk og oss.