Det har vore halde 4 styremøter og eitt arbeidsmøte for fordeling av "Dovrebygde" for salg. Årsmøtet og to medlemsmøter, det eine rett etter at årsmøtet var ferdig, og det andre som ope møte på Toftemo.

Dette var eit svært interessant møte med bra deltaking. Her hadde vi vitjing av Odd Reidar Hole og K. M. Bjørneby frå Lesja med ei utstilling og umåteleg interessant utgreiing om bakstejern. Det gjekk på innsamling og registrering, og ikkje minst produksjon. Mange interessante opplysningar med røter i Lesja som senter for handverk, kunst og kultur innan mange greiner. Vidare på møtet kunne Johs. Brualøkken vise fram bygdefana for Dovre, og Ragnhild fortalde om fana til Dovre Arbeiderungdomslag som vart attfunne på eit loft i Kyrkjestugu. Båe desse fanene er fine kunstverk som det må arbeidast for å koma fram i dagen, og ikkje berre liggja bortgøymde på eit lager.

Dovre historielag har fått ei verdfull gave frå Siri Koimann som slektar frå Hjerkinn. Der er ca 100 fotografiske glasplater, eit verdifullt kamera og eit album, alt etter Johan Hjerkinn, oldefar til Siri. Heile denne samlinga er levert til Ola Tovmo på Norddalsarkivet, og det er ei von om at det skal bli til ei utstilling. Vidare kan nemnast at vi har innleidd samarbeid med "Dovrebanen 100 år 2021". Ei vikingegrav vart opna i Grimsdalen den 3. september, og Sverre Killi var til stades for historielaget. Arbeidet med "Sæterboka" går framover.

Ei svært viktig sak er at vi har fått ny redaktør til "Dovrebygde". Arnfinn Engen slutta etter fleire år, og vi måtte sjå oss om etter ny redaktør. Heldigvis var Asbjørn Amble viljug, og han fekk til ei skikkeleg fin bok. Takk skal du ha, Asbjørn!