Historikk: | Dovreskogen camping / Rudiløkken camping 61/10
0516648-6866296
Hulda og Einar Rudiløkken heldt att ti dekar med jord rundt husa da dei selde resten i 1958. Dei opna da campingplass og bygde opp utleigehytter. I 1979 overtok sonen Egil Helge og dreiv fram til 1987, Hulda var nok mykje med i drifta den perioden.
Frå 1987 til 1990 dreiv Edgad Rødsjø, han selde til Webjørn Grambo som vidare selde til Kristin Kampesæter og Kjell Arne Kleiven Dei dreiv camping fram til 1996, da var Georg Brattås her ei periode fra til Bjarne og Eva Farstad kjøpte eigedomen i 1997.
Dei overtok da egen kiosk og 22 hytter, dårleg med sanitæranlegg, kun utedo. Rundt år 2000 bygde Eva og Bjarne nytt sanitæranlegg.
Dei kjøpte tre hytter frå Akerjordet camping i 2004, som dei fekk ei femmerhytte av pluss kiosk og resepsjon.
I dag er det 12 hytter her, seks av dei er to gamle som er sett saman til ei med innlagt vatn, dusj og wc. Dusjvegger, toalett osv. fekk dei kjøpt frå Brusletten camping.
Dei siste seks er og bygd saman men har ikkje innlagt vatn, alle hyttene unnteke ei er derfor restaurerte.
Dei bygde på i 2004, det vart nesten som ein liten kafe.
Torbjørn Kraugerud var ein god snekker å ha på laget.
Alt dei hadde gjort fekk dei god bruk for under Landsskytterstevnet på Lesja i 2005.
|