Bua vart bygd ein gong under krigen. Ho vart fyrst lafta opp heime i Rognrusten av to brødre, Ivar og John Rognrusten. Så vart ho fløtt og sett opp att på innsida av Vetl-Høa nord for Djupdalen. Bygningsmåte,laft og reisverk.Bua var for å bruke ved sanking og transport av måså. Men ho vart og brukt i samband med jakt. Ho var i bruk i 1946, men kanskje og litt tidlegare. Rognrustmåsåhuset vart eit turmål. Det var vanleg at mange tok påsketur til, eller forbi bua,og dermed var det til tider mykje ferdsel i området. Eg var der på påsketur kring 1955 (Bilde) Nå står bua til nedfalls. |