Historikk: | Bekken startar 1300-1400 m.o.h. sør for Storhøe, på vestsida av dalen. Den renn ned Djupdalen ved Søre Skreddarbrenna 75/8 og Haugom 75/9, og ut i Lågen ved Bekken 71/1. På eldre kart er det brukt namnet Haugomsbekken, medan Statens Kartverk i dag bruker namnet Djupdalsbekken/Haugomsbekken. Ved utløpet til Lågen blir den kalla "Bekkenbekken".
I snøsmeltinga kan den bli flaumstor, og tek med seg mykje grus og stein.
Utdrag frå Dovrebygde 1998 av Alf Eriksen: "Under flaumen i 1938 delte Nørdre Djupdalsbekken seg ovanfor Rognrusten, slik at mykje vatn kom ned nordafor gardane. Desse vassmengdene rann saman med Vetl-bekken, slik at Nedre Storengen vart utsett. Da Sigrid Storengen skulle ha opp kjellarlemmen, fossa vatnet oppunder." Ein del av vatnet rann heilt til Grovajordet ved riksvegen, på denne måten nådde Djupdalsbekken og Ilka saman til eit felles utløp i Lågen. Dette er utruleg da det er 2,5 kilometer mellom dei normale utløpa.
Store områder med dyrka mark vart øydelagt, så det vart eit krevjande oppryddingsarbeid.
På eit kart frå 1853 er det teikna inn to kvennhus. Det eine høyrde til Nørdre Skreddarbrenna 75/7. Kven som var eigar av det andre veit ein ikkje. Det blir i dag teke ut vatn til vatningsanlegg frå Nørdre Djupdalsbekken.
|