Dette er ei bu som vart sett opp i forbindelse med drift av steinbrot. Bua er gamal,truleg frå tidleg på 1940-talet. Elva Ilka har vore ein trussel for hus og landskap ved flom. Ein kjenner til skriv frå 1926 der det vart utarbeidd planer for å sikre mot store skader frå Ilka. Fleire forbygninger har vore gjort, men blitt øydelagd att ved flom. Fyrst på 1940-talet vart det sett i gang reparasjon for å halde Ilka "på plass" Det vart nå teke ut stein i Berget rett opp for Kvilebua. Steinblokkene vart frakta med hest frå Brotet og ned til Ilka. Fyrst på 1950-talet vart det sett i gang meir arbeid med å forbedre og forlenge forbygningen mot Ilka. Drifta vart etter kvart fløtt litt lengre sør.Det skulle vera bedre stein der. Transporten vart nå med lastebilar. Etter kvart vart det ein samanhengande mur heilt ned til Lågen, "Ilkemuren". Kvilebua som alltid fekk betegnelsen"Steinbrotbua" har eg gått forbi mange gonger, da eg gjekk dei 4 fyrste åra i Rudiskulen. Ho ligg like innåt Brattbakken, den eldste vegen frå Jøndalen. Når eg rusla heim att frå skulen og ikkje hadde fylgje, på den myrke årstida, var det liksom litt spenning når ein gjekk forbi Bua...... Eigar? Ikkje så godt å seia. Vassdragsvesen? Kommune? Kanskje ikkje så viktig.. Bua står nær ei grense. På kartet ser det ut til å vera skogteigen til søre Talleraas. |