Historikk: | Den gamle veita starta ved berget innved Ilka, og gjekk mot tunet på Søre Rudiløkken 56/3. Veita deler seg i ljoslina - ei mot Nødre Rudiløkken 56/2 og ei mot Søre Rudiløkken, der ho gjekk inn på tunet. Vidare frå Nørdre gjekk det og ei veit til Rudi skule 55/7. Harald Rudiløkken hugsar at det ikkje var vatn på skulen, og at dei henta vatn i Ilka. Heile inntaket vart øydelagt av flaumen i 1938, og når forbygginga ved Ilka kom øydela dette delar av den gamle veita.
Etter at Ilkemuren vart bygd, vart det felles vatn frå Ilka til Talleråsmoen 54/8 og Søre Rudiløkken. Røyret vart lagt i stikkrenne gjennom Ilkemuren og fylgde så den gamle vassveita. Inntaket her vart øydelagt på 1970-talet av ein ny flaum, og etter det ordna dei seg med vatn på anna måte. Liv og Harald hugsar godt "bekken", altså vatnet i veita.
|