Opplysninger om Drogen 75/4 Ilka mølla.
Legg inn bilde Legg inn kommentarID: | 714 |
Område: | Vestsida sør for Jøndalen |
Plassering: | Tungspissen i Jøndalen |
Koordinater: | 32V 0512733 6868592 |
Bruk: | Kvenn |
Historikk: | Kvennhuset som tilhøyrde Drogen på Tungspissen der Musa og Jettdalsbekken møtes, veit ein ikkje når vart sett opp. Bildet av Tostin Drogen (1854-1931) framfor kvennhuset er truleg rundt 1920, det viser tydeleg at det er gamalt, så ein kan kanskje anslå at det vart sett opp i 1850-60-åra. Artikkel i Gudbrandsdølen 16.11.1927: "Av godkjente møller i Dovrebygden har vi f.t bare Jora mølle. Der er søkt om at faa godkjendt Ilka mølle." Godkjenning fekk dei. Gunnar Rudi fortalte til Dagningen 7. juni 1958: "Det var eit møllebruk i Ilka i mange år, der det vart drivi leiemaling. Men dette møllebruket reiste med flaumen i 1938." Altså leiemaling frå 1928 til 1938.
Kvenne var i bruk til flaumen i 1938, da alt vart rasert. På same plassen hadde dei truleg ei tørrstugu og det var eit hus for skinnreiing (stampe?), båe øydelagde i 1938.
BLÅ RUTE!! Gudbrandsdølen 04.10.1928: "KORNTRYGDEN I GUDBRANDSDALEN FOR 1927-28. Regnskapet for første korntrygdeaar foreligger nu. Gudbrandsdølen har henvendt sig til herredskassererne i bygdene for at faa rede paa hvor mange som har faat korntrygd og hvor meget der i det hele er utbetalt korntrygd. DOVRE. Her er det ialt 304 som har faat korntrygd, med tilsammen ca. 10.500 kroner. Det meste er malt på Jora mølle, endel paa Ilka mølle og noget ved Stampen mølle i Sell. Iaar blir det lite korn, adskillig mindre end ifjor. Litt frøs vel, men meget blev for grønt til at kunne bli folkemat. Det blir nok nedgang i korntrygdbeløpet." |
Eiere: | Red GG Merete ABj |
Tilstand: | |
Bygningsmåte: | tømmer |
Størrelse: | |
Kilde: | Torbjørn Drogen i Dovrebygde 2008, Jan Ove Jøndal, MK |
Registrert av: | Merete Killi Moastuen |