Historikk: | Liabekken startar ovanfor skytebana sør for Nørdre Djupdalsbekken (0514949-6867210) og renn ned mot jordet på Storbrenna.
Liabekken var ein bekk som rann i øvre kant på jordet til garden Storbrenna/Solheim 75/25, vidare nedanfor «Kåppårslagerlykkja», og fortsatte i austleg retning ned dalen nord for Nedre Åkerjordet 70/2. Rann så vidare under Dovrebana og E6, så ut i Lågen.
I dag er bekken leda ned og nordover til Djupdalsbekken, slik at den gamle Liabekken er så og seia turrlagt. Hausten 2022 vart delar av bekken lagt i røyr da dei planerte og fekk til eit stort samanhengande areal med dyrka mark. På eit kart frå 1853 er det merka av fire kvennhus i bekken.
Det er funne tufter i bekkefaret etter kvenner. Gardsvatn og vatnarvatn var nok og teke frå Liabekken av gardane rundt. På nyare kart er det teikna inn to kvenner. |